Fremjer musikk, song, dans og drama på Bømlo og i Sunnhordland
Gard Hjertaas Bjørnson
Gard er utdanna dansar frå Kunsthøgskulen i Oslo, og har sidan 2011 jobba som frilansar. Han har medverke i mellom anna Chess på Folketeateret, Tordenskiold, Alle tiders Trønder på Trøndelag Teater og var med i Evita på Bømlo i 2018. Gard har også vore ein del av Oslo Danse Ensemble frå 2011, samt hatt eit tett samarbeid med koreograf Emilia Adelöw sidan 2012. Han tar for tida pedagogutdanning på KHIO og er ferdig utdanna til sommaren, og har undervist på dei fleste høgare utdaningsinstitusjonar i Oslo. Me er glade for å ha Gard med i denne framsyninga!