Den unge, fattige kunstnaren Brindsley Miller har invitert ein millionær og kunstsamlar til å sjå på verka hans, i håp om at han vil kjøpa noko. For å gjera eit godtinntrykk, tjuvlåner han møblar og innbu frå naboleilegheita. Alt ser ut til å gå etter planen, men så går plutseleg lyset – og alt ender i forviklingar – og det som kan gå gale, går gale.
I Forviklingar i mørkret får me servert ein farse som inneheld alt me forventar frå sjangeren, og kanskje litt til?
På scena: Geir Ersland, Jenny Larsen, Finn Daynes, Rannveig Steinsbø, Per Arne Moldøen, Marianne Grønnevik, Frode Steinsland og Ole Kristian Grindheim.
Regi: Nina Sele
Premiere fredag 28.10. kl 19.00
Framsyningar:
Laurdag 29.10. kl 18.00
Sundag 30.10. kl 18.00